Vi i Fjord1 er både stolte og glade over å få hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn tilbake til oss.
I samband med oppstart av ny kontrakt søker vi no etter ein skipsførar som vil bli ein del av mannskapet om bord på MS Ladejarl.
Turnus er 1 veke på jobb og 2 veker fri - perfekt for deg som ønsker ein god balanse mellom jobb og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette.
På denne ruta får du oppleve noko av dei flottaste områda og naturen Vestlandet har å by på, samtidig som du blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
Vi tek over drifta av ruta 1.desember. Oppstartstidspunkt blir avtalt nærare.
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
Kvalifikasjonar- Minimum D4-sertifikat, med førerett for hurtigbåt
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Ferdighetsertifikat medisinsk behandling
- Krise- og passasjerhåndteringskurs
- Gyldig helseattest
- Ønskeleg med erfaring frå kystseglas med hurtigbåt.
Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskaparVi søkjer etter deg som er ein dyktig skipsførar med solid hurtigbåtkompetanse og inngåande kjennskap til maritime lover. Du utviser sterke leiareigenskapar og kan ta raske beslutningar i krevjande situasjonar, og har gode kommunikasjonsevner.
- Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
- Turnus: 1 veke på og 2 veker fri.
- Hybelordning i arbeidsperioden.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
ArbeidsstedStrandkaien 15
5013 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5194763291
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2026
Om arbeidsgiveren:
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.