Vikariat i 100 % stilling som barnehagelærar frå 15.12.26

Norway · On site · Posted 9/29/2026 Leaves the board tomorrow
See how you compare Upload your resume and see how it scores against this posting. Free.

Vi ynskjer oss barnehagelærar med:

  • godt humør

  • gode samarbeidsevner

  • engasjement og initiativ

  • fokus på barna

  • evner til god kommunikasjon

  • evne til fleksibilitet og kan ta eigne avgjersler

  • evne til å kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

  • erfaring med DUÅ (De utrolige årene)

  • beherskar bruk av pc som arbeidsreiskap

Personlege eigenskapar vert også vektlagt.

Vi tilbyr deg:

  • ein kvardag med verdens beste barn

  • hyggelege og gode kollegaer som nyttar aktivt DUÅ prinsipp i sin kvardag

  • innhaldsrik og variert jobb

  • barnehage som er medlem i Pbl (Private barnehagers landsforbund)

  • 5 planleggingsdagar i året

Tilsetting krev godkjent politiattest.

Krav til kompetanse: Førskolelærerutdanning, treårig

Lønn etter gjeldande tariffavtale som førskulelærar.

Referanse er ynskjeleg.

Om arbeidsgiveren:

Seim barnehage er ein privat, foreldredriven andelsbarnehage på Seim. Vi har 4 avdelingar - 2 stk 1-3 årsavd og 2 stk 3-5 års avd. Frå medio des -26 byrjar 4 nye små barn og vi treng derfor ein førskulelærar til i 100 % stilling. Vi vert då 61 barn og vel 20 tilsette (mange jobbar redusert stilling).

Vi har ledig eit 100 % vikariat frå 15.12.26 - 31.07.27

Barnehagen ligg fint til sentralt på Seim med gode turmoglegheiter tett på, både til skog og fjære. Vi er ei stabil personalgruppe der dei fleste har jobba her i mange år.