Informasjonsforvaltning og -sikkerheit (ITFS) gir fagleg støtte til heile HVL innan informasjonsforvaltning, arkiv og informasjonssikkerheit. Vi arbeider med rettleiing, metodikk og langsiktig utvikling i tråd med gjeldande lovverk og nasjonale krav.
Dette er ei rolle for deg som trivst i møte med interne brukarar, og som gir tydeleg råd og rettleiing om dokumentasjonskrav etter ISO 27001:2022.
Arbeidsstaden er ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Førde, Sogndal, Stord eller Haugesund.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Handtere og følgje opp sikkerheitshendingar og beredskapsprosessar i samarbeid med CISO
- Forvalte og vidareutvikle LIS (leiingssystem for informasjonssikkerheit), inkludert styrande dokumentasjon, tiltak og policyar i tråd med ISO 27001:2022
- Oppdatere rutinar og sikkerheitspolicyar i tråd med nye krav og behov
- Bidra i det praktiske sikkerheitsarbeidet – frå risikovurderingar til handtering av hendingar
- Vere ein pådrivar for ein sterk sikkerheitskultur i HVL
- Rettleie tilsette i risikovurderingar og praktisk sikkerheitsarbeid
- Bidra til at sikkerheit vert opplevd som ein verdidrivar – ikkje ei hindring
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad, minimum bachelorgrad, innan informasjonssikkerheit, informasjonsvitskap, informatikk eller tilsvarande IT-relaterte fagområde.
- Erfaring med IT-sikkerheit, gjerne frå utvikling eller arkitektur
- Erfaring med ISO 27001 (sertifisering er ein fordel)
- Evne til å omsetje krav til praktiske løysingar
- Fagleg nysgjerrig og oppdatert på eit felt i rask utvikling
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (minimum B2)
- Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel
- Nyutdanna vert òg oppmoda til å søkje
Personlege eigenskapar:
- Du identifiserer deg med verdiane våre: inkludere, utfordre og samhandle
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Arbeider strukturert, sjølvstendig og leverer med høg kvalitet
- Er analytisk, utviklingsorientert og løysingsorientert
- Har god gjennomføringsevne og handterer fleire oppgåver samstundes
- Må kunne autoriserast for begrensa, i samsvar med sikkerheitslova
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida.
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1364 - seniorrådgivar vurderast.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Inkludere, utfordre og samhandle
Om arbeidsgiveren:
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for Informasjonsteknologi og -tenester (ITT) er organisert i fellesadministrasjonen, og er nyleg reorganisert med fire einingar: Brukarretta tenester, System og infrastruktur, Informasjonsforvaltning og -sikkerheit og Digital tenesteutvikling.
Til desse søker vi no nye medarbeidarar.