IPS- jobbspesialist

NAV ALVER · Norway

EURES Posted Jun 9, 2026 First seen Jun 9, 2026

Blir du motivert av å jobbe med menneske, har trua på at alle menneske trass i psykiske utfordringar kan ta utdanning eller få og behalde ein vanleg jobb? Om du ønsker å bidra på eit svært viktig samfunnsområde, kan en stilling som jobbspesialist vere noko for deg.

Nav region Nordhordland søker ein motivert person med stort pågangsmot som IPS - jobbspesialist. Individuell jobbstøtte (IPS) er ein metode for tett oppfølging av personar med psykisk helse- og ruslidingar som ønsker arbeid, og som har behov for behandling samtidig med arbeidsretta bistand. Målet er å leggje til rette for at menneske med psykiske helse- og rusutfordringar skal få, behalde og stå i ordinært arbeid eller utdanning. Du vil bli tilsett i Nav Alver og inngå i Nordhordland sitt IPS-team, som igjen vil vere ein del av fagmiljøet ein har for IPS i Nav Vestland. Du vil ha tilhørighet til og kontorstad på avdeling psykisk helse og rus i Knarvik når du ikkje er ute i møter eller på jobbutvikling.

Det er viktig at du trur at alle menneske kan få og behandle ein vanleg jobb til tross for psykisk helse- og rusproblem, kulturell bakgrunn eller andre utfordringar. I søknadsteksten ber vi deg seie noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.


Kva går jobben ut på?
  • du vil nytte IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, Nav og arbeidsgjevarar/studiestad
  • dette inneber at du oppsøker arbeidsgjevarar og driv aktiv jobbutvikling hos arbeidsgjevar, skaper dialog og bygger nettverk ute i lokalmiljø
  • mykje av arbeidstida går ut på å ha møte med deltakarar og studiestadar/arbeidsgjevarar (65% av arbeidstida)
  • du vil følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med riktig utdanning eller jobb
  • rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen mot arbeid
  • engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestad, arbeidsgjevar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar
  • bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet
  • dokumentere arbeidet i fagsystem
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • god rettleiingskompetanse og/eller erfaring frå å jobbe med menneske i ulike livsfasar
  • førarkort klasse B

Det er ein fordel om du har

  • erfaring med Individuell jobbstøtte/Supported Employment eller god kjennskap til prinsippa i desse metodikkane
  • erfaring frå å jobbe med inkluderande rekrutteringsarbeid
  • vilje til oppsøkande verksemd og nettverksbygging i arbeidsmarknaden
  • kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helse- og rusutfordringar
Kva ser vi etter hos deg?
  • du er god til å kommunisere med ulike menneske og skaper gode og trygge relasjonar
  • du er god til å motivere og inspirere
  • du kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar
  • du er sjølvgåande med evne til eigenmotivasjon
  • du trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat
Kvifor velje oss
  • moglegheit til å gjere ein forskjell, i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
  • spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
  • eit godt fagmiljø som er opptekne av tenesteutvikling og ambisiøse mål
  • opplæring, kurs og kompetanseheving
  • gode og inkluderande kollegaer i eit godt arbeidsmiljø på eit kontor med høgt tempo
  • fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
  • statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønnsspenn frå kr. 622 000 - 640 000 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

https://www.nav.no/sok-jobb-i-nav#ansattgoder

KontaktinformasjonKaren Sofie Aasmyr, Avdelingsleiar, 900 13 845, Karen.Sofie.Aasmyr@nav.no
ArbeidsstedKvernhushaugane 2
5914 Isdalstø
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5141412806
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2026

Om arbeidsgiveren:

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.

NAVstilling