Kunne du tenkje deg å bli matros i Fjord1? Då er dette stillinga for deg
Vi har no ledig opplæringsstilling som dagmann i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, pt. MF Julsund.
I denne stillinga har kandidatar uten kvalifikasjoner mogelegheiten til å komme inn i eit opplæringsprogram på vegen mot å bli matros. Har du lite eller ingen erfaring, vil du kunne starte som dagmann og vidare bli matros. Dette er ein fysisk krevande stilling, så ein må like å være i aktivitet.
Skiftordning: dagvakt - 2 veker på og 2 veker av.
I denne stillinga vil ein ikkje bu ombord, det vil derfor vere ein fordel å bu lokalt.
Reise utover 30 km til og fra arbeidsperiode blir dekket etter avtale med arbeidsgiver.
Ønskjeleg med snarleg oppstart. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Førefallande arbeid om bord
- Billettering
- Kundehandsaming
- Andre oppgåver iht stillingsinnstruks
- Gyldig helseerklæring.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Søker må ha fylt 18 år.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Rederiet dekker kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskaparVi søkjer ein dyktig og serviceinnstilt dagmann/ lettmatros som trives med varierte arbeidsoppgåver og har fokus på sikkerheit, samarbeid og god passasjerhandtering. Du må kunne jobbe sjølvstendig og bidra til eit godt arbeidsmiljø om bord.
Vi tilbyr- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet.
- Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av
- Reise utover 30 km til og fra arbeidsperiode blir dekket etter avtale med arbeidsgiver.
ArbeidsstedFv49
5414 Stord
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5141815362
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.