Det er ledig inntil 143 % vikariat for barne- og ungdomsarbeidar ved Stamnes oppveksttun skuleåret 2026/2027.
Stillinga er knytt til SFO- og barnehagedelen. Vikariatet kan fordelast på fleire personar, og stillingsprosent blir avklart i rekrutteringsprosessen.
Stamnes oppveksttun har 17 elevar i skulen og 11 barn i barnehagen. Skulen er ein fådelt 1.-7.-skule og har eigen SFO i samdrift med barnehagen.
Vi er særleg interesserte i tilsette som ønsker å bidra til å utvikle SFO og barnehagen som arenaer for barna si utvikling, og som bygger praksisen sin på grunnleggande verdiar i barnehage og på grunnskule.
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
- Søkarar med anna relevant kompetanse/erfaring og ønsker personlege eigenskapar kan ved behov bli vurdert
- Godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Du er ein stabil, påliteleg, open og ærleg person
- Du liker å vere i aktivitet saman med barn
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein trygg, raus og tydeleg vaksenperson i møte med barna
- Du er sjølvstendig i tilrettelegginga for enkeltelevar som treng deg for å gjere seg nytte av opplæringa
- Det er viktig for oss at våre tilsette er på skulen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du må ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
- Du kan vise til erfaringar der du fremjar samarbeid og utøver positiv kollegastøtte
- Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar menn til å søkja.
Vaksdal kommune tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Om arbeidsgiveren:
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 19 i barnehagelova fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.