Røyrleggjar

HUSNES RØYR AS · Norway

EURES Posted May 5, 2026 First seen Jun 2, 2026

Satsar du som røyrleggjar?
Då satsar vi på deg!

Vi har stor ordrepågang og søkjer dyktig medarbeidar til laget vårt.
Vi ser etter deg som har følgande kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som røyrleggjar eller anna
  • relevant utdanning
  • Sjølvstendig og fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg stoltheit og serviceinnstilt
  • Ryddig, nøyen og strukturert
  • Beherskar norsk og engelsk
  • Førerkort klasse B

Til gjengjeld kan vi tilby deg:

  • Sosial og trygg arbeidsplass
  • Eit solid og engasjerande fagmiljø
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Firmabil og firmatelefon
  • Alt nødvendig verktøy
  • Konkurransedyktige lønnsvillkår
  • Helseforsikring
  • Gode pensjonsordningar

Send en kortfatta søknad med CV til sindre@husnesroyr.no via "søk på stilling" knappen på denne siden snarast mogleg.

For spørsmål om stillinga kan ein ringa til dagleg leiar, Sindre Grønningen, Tlf: 404 04 395

Om arbeidsgiveren:

Husnes Røyr AS er ei tradisjonsrik og veletablert familiebedrift på Husnes i Kvinnherad kommune. Vi er ein allsidig VVS-entreprenør som utfører alle oppdrag for privat- og proffmarknaden. Våre arbeidsområder er Kvinnherad kommune og nabokommunane våre.