Ågotnes skule er ein barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag ein halvtimes køyretur frå Bergen. Skuleåret 2026-2027 vil skulen ha om lag 230 elevar og 40 tilsette. Skulen stod ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006. Til skulestart i 2024 fekk vi eit nytt og oppgradert uteområde. Fram til skuleåret 2010/2011 var skulen ein kombinert barne- og ungdomsskule, men er i dag ein rein barneskule.
Visjonen vår: «Ein god stad å vere, ein god stad å lære». Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER!! skule.
Arbeidsoppgåver:- Oppfølging av elevar med særskilte behov i SFO/ferie-SFO
- Generelt arbeid i SFO
- Arbeid i ferie-SFO
- Erfaring frå arbeid i skule og arbeid med elevar med særskilte behov
- Førarkort Klasse B
- Ønskjeleg med fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar
- Vidareutdanning i spesialpedagogikk (for assistentar/fagarbeidarar) eller liknande fag
- Ønskjeleg med livredningskurs basseng eller vilje til å ta dette
- Du er ein varm og raus vaksen
- Du er engasjert i korleis ein kan skape eit godt SFO- og arbeidsmiljø, der både elevar og kollegaer lærar og utviklar seg
- Du er positiv og samstundes lojal mot felles avgjersler
- Fordel om ein disponerar eigen bil
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Tore Foldnes
Rektor Ågotnes skule
Telefon: 55 09 78 04 eller 472 35 162
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.