Vi søkjer etter ein konsulent i 100% fast stilling.
Arbeidsoppgåver
- innkjøps- og rekneskapsarbeid
- elevadministrasjon
- arkiv- og dokumentsystem
- resepsjons- og informasjonsarbeid
- andre merkantile og administrative oppgåver
- Du har fagbrev i kontorfaget eller tilsvarande.
- Du har erfaring med budsjett- og rekneskapsarbeid.
- Du har god kjennskap til administrative ssystem og programvare.
- Det er ein fordel med erfaring frå vidaregåande skule.
- Du lærer fort og er tilpasningsdyktig
- Du likar varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo.
- Du tar inititativ og jobbar godt saman med andre
- Personlege eigenskapar blir vektlagde ved tilsetjing.
- eit godt fagleg og sosialt miljø
- løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
Wenche Narum, førstekonsulent, 55140410, wenche.narum@vlfk.no
ArbeidsstadSlåtthaugvegen 134
5222 Nesttun
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5138989915
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 16.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.