Selskapet er i vekst, og har fleire spanande prosjekt innan ulike segment. Som vår nye Senior Engineer får du ei sentral rolle i eit utviklingsorientert og dynamisk fagmiljø.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som Senior Engineer Power Systems vil du få moglegheit til å delta aktivt i utvikling av løysningar knytt til det grøne skiftet. Du vil delta i utvikling av framtidig Powerarkitektur og få ansvar for engineering, oppfølgning og kontroll av prosjektleveransar.
Andre relevante arbeidsoppgåver er
- systemintegrasjon av Power- og automasjonsløysingar
- design og oppfølging av Powerløysingar
- teknisk støtte til serviceingeniørar
- verifisere teknisk underlag for salgsavdelinga
Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har høgare utdanning innen elektro. Du har god forståing og interesse for marine kraftsystem og automatisering, samt kjennskap til skipssystem og maritim industri. Erfaring frå leveransar av systempakkar basert på DC- og AC-system, samt Low Voltage og Medium Voltage, havbruksnæringa eller batteriteknologi kan også vere relevant.
Videre ser vi for oss at du har
- kompetanse på kortslutningsberekningar og selektivitetsanalysar
- gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- vilje til å søkje ny kunnskap og dele erfaringar
- god kjennskap til verktøy som AutoCAD og PowerFactory
- Eit framtidsretta og kompetent miljø: Du blir del av eit sterkt fagmiljø som jobbar med leiande maritime teknologiløysingar og har eit tydeleg fokus på innovasjon og berekraft.
- Gode utviklingsmoglegheiter: Hos oss får du fagleg påfyll, ansvar og høve til å påverke retninga på både prosjekt og teknologiutvikling.
- Fleksibilitet og konkurransedyktige vilkår: Vi tilbyr løysingar som gjer det lettare å kombinere jobb og kvardag, i tillegg til gode og marknadstilpassa betingingar
- Samarbeid med bransjens beste: Du jobbar tett med engasjerte, dyktige kollegaer og bidreg til å forme morgondagens maritime system og løysingar.
Arbeidsstad vil være ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor på Moa i Ålesund, som kan nyttast.
Søknadsfrist: 26. juli, men søknadar vurderast fortløpande.
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY ved rådgjevarane
- Allette Solberg, tlf. 900 20 132
- Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909
Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål leggast ved søknad. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor Ulstein Power & Control i innleiande fase dersom det er ønskeleg.
Tiltreding etter avtale.
Marita Stakkestad Hanstveit, Rådgiver - research & analyse, +47 452 53 909, msh@hamnoy.no
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: ULSTEIN
Referansenr.: 5137843100
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2026
Om arbeidsgiveren:
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. For meir informasjon, sjå ulstein.com