ARBEIDSLEIAR / MILJØTERAPEUT

MOVIA UTVIKLING AS · Norway

EURES Posted May 29, 2026 First seen May 28, 2026

På arbeidssenteret på Sandane har vi ledig 100% fast stilling som arbeidsleiar.

Arbeidstakarane våre på arbeidssenteret er personar som i ulik grad treng tilrettelegging og oppfølging i arbeid og aktivitet. Målsetjinga er at alle skal få delta i eit godt og trygt arbeidsfellesskap.

Hva vi ser etter

Vi søker etter ein arbeidsleiar som:

  • Har minst 3 -årig helse,- og sosialfagleg utdanning, men andre med erfaring frå liknande arbeid er velkomne til å søke

  • Har god menneskekunnskap med auge for ressursar og utviklingspotensial

  • Har evne til å vere motiverande og sjå ulike løysingar til beste for arbeidstakarane

  • Har gode samarbeidsevner

  • Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Er oppteken av god kommunikasjon og relasjonsbygging

  • Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner

For oss er det viktig å ha rett person på rett plass. Personlege eigenskapar vert difor tillagde stor vekt. Har du lyst til å prøve noko nytt og utfordrande, så er kanskje du den vi leitar etter.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver:

  • Motivere og legge til rette for arbeid og aktivitet for den enkelte arbeidstakar og for fellesskapet

  • Ta ansvar i kvardagen, sjå kva som trengst og handle sjølvstendig for å sikre god flyt i drifta.

  • Bidra til utvikling av avdelinga.

  • Tett samarbeid med kommune og andre relevante samarbeidspartar.



Vi tilbyr

På arbeidssenteret vårt får du:

  • eit godt og triveleg arbeidsmiljø

  • Vere ein del av eit større fagmiljø i Movia

  • høve til å bruke eigne erfaringar, kunnskap og interesser

  • løn etter avtale

  • God pensjonsordning

Om arbeidsgiveren:

Movia er ein viktig samfunnsaktør, og leverer arbeids- og inkluderingstenester i Nordfjord. Movia skal hjelpe menneske med ulike utfordringar i og utanfor arbeidslivet. Vi er lokaliserte på Sandane, Nordfjordeid og i Stryn, og har til ei kvar tid ca. 150 personar inne på ulike arbeidsretta tiltak.