Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som miljørettleiar ved Nordfjordeid skule frå 01.08.2026.
Nordfjordeid skule ligg i sentrum av Nordfjordeid og er den største av barneskulane i Stad kommune. Skulen har 284 elevar fordelt på 1.-7. trinn.
I Stad kommune jobbar vi etter BTI-modellen, betre tverrfagleg innsats. Det vert forventa at alle som jobbar med gravide, barn, unge og foreldre, jobbar etter denne samhandlingsmodellen. Du kan lese meir om den her.
Meir informasjon om skulen finn du på nettstaden www.stad.kommune.no.
Arbeidsoppgåver
- Støtte og følge opp elevar både fagleg og sosialt
- Legge til rette for aktivitet og leik innanfor skulen sine satsingsområde
- Rettleiing og erfaringsutveksling gjennom team- og tverrfagleg samarbeid
- Samarbeid med pedagogar og tilsette i andre roller, føresette og andre samarbeidspartar (BTI)
- Miljørettleiing både individuelt og i grupper
- Ressurs for elevar og skulen
- Bidra til eit trygt og inkluderande skule- og læringsmiljø
- Bidra til meistringsopplevingar som fremjar psykisk helse og robuste barn
- Relevant 3-årig høgskuleutdanning innanfor sosialfag og/eller psykisk helse. Aktuell utdanning kan vere sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar.
- Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn og ungdom, og er framoverlent med god relasjonskompetanse
- Ønskjeleg med erfaring frå traumebevisst omsorg og evne til å jobbe målretta med endringsfokusert tilnærming
- Er sjølvstendig, strukturert og systematisk
- Evne til å vise omsorg, skape tryggleik og bygge gode relasjonar både til enkeltbarn, grupper og føresette
- Vere ein tydeleg, trygg og forutsigbar vaksen
- Evne til å kunne sjå hemmande og fremjande faktorar i skule- og læringsmiljø
- Fleksibel og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Godt lærings- og arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høve til fagleg utvikling
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir referanse av ny dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.
For meir informasjon om stillinga, kan du ta direkte kontakt med:
Nordfjordeid skule v/rektor Anne-Grete Eikås telefon 95 90 62 37
ArbeidsstadSkulevegen 33
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5135974104
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!