Sjukepleiar 100 % fast stilling
Arbeidsstad: Rosendalstunet – midt i vakre Rosendal
- Rekrutteringstilskot på kr. 50.000,- for deg som ikkje jobbar i kommunen frå før (2 års bindingstid)
Turnus:
Arbeid kvar 3. helg eller turnus med langvakter. Moglegheit for langvakter også i vekedagar.
Har du hjarte for dei eldre og eit godt lag med menneske? Då kan du vera akkurat den sjukepleiaren vi gler oss til å få på laget!
På Rosendalstunet jobbar vi med det viktigaste som finst: gode kvardagar for menneske som treng pleie, omsorg og eit ekstra smil. Her får du høve til å fordjupe deg i geriatrisk sjukepleie i eit fagmiljø som både er sterkt, støttande – og skikkeleg triveleg.
Kven er vi?
Rosendalstunet ligg i nydelege omgivnadar ved Hardangerfjorden (ja, du får nærmast vakker utsikt på kjøpet kvar dag). Institusjonen har 6 avdelingar og 60 plassar fordelt på langtid, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø, tverrfagleg samarbeid og god tilgang på treningsfasilitetar.
Kva går jobben ut på?
Du vil:
- Utøva sjukepleiefagleg arbeid i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
- Gje heilheitleg omsorg og pleie
- Samarbeida tett med pasientar, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer.
- Dokumentera tenestene du yter
- Legemiddelhandtering
- Rettleia kollegaer, studentar og skuleelevar
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Er trygg og sjøvstendig i faget
- Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga
- Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø- også når det er travelt
- Trivst med variasjon og kan hantere uforutsigbare situasjonar
- Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi
- God IT-kunnskap
- Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Rekrutteringstillegg på kr. 50.000,- for deg som ikkje jobbar i kommunen frå før (2 års bindingstid)
- Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage og ingen eigedomsskatt
- Velferdsteknologi
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 helse- og omsorgstenestelova §5-4
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)