Muritunet søker reinhaldar med fagleg ansvar til ei sentral rolle i vår organisasjon. Du vil bidra til gode hygieniske forhold og eit trygt miljø for pasientar og tilsette i eit aktivt rehabiliteringsmiljø.
Hva vi ser etterVi ser etter deg som er fagleg engasjert og har interesse for reinhald som ein viktig del av eit trygt og helsefremjande miljø. Du er strukturert, tar ansvar og trivest med å kombinere praktisk arbeid med oppfølging av andre.
Kvalifikasjonar:
-
Fagbrev som reinhaldsoperatør er ønskjeleg
-
Søkjarar utan fagbrev blir også vurdert, gjerne med ønske om å ta fagbrev
-
Erfaring frå tilsvarande arbeid blir vektlagt
-
Grunnleggjande digitale ferdigheiter
-
Beherskar norsk både munnleg og skriftleg
Vidare ser vi etter deg som:
-
har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med både kollegaer og leiarar
-
evnar å arbeide sjølvstendig og ta initiativ i kvardagen
-
er strukturert og har god oversikt i ein variert arbeidskvardag
-
trivst i eit miljø med tidvis høgt tempo
-
er løysingsorientert og fleksibel
-
Ivareta dagleg og periodisk reinhald i tråd med gjeldande reinhaldsplanar, med omsyn til pasientar og tilsette
-
Sikre korrekt bruk av reinhaldsmiddel og utstyr, og sørge for at arbeidet held god kvalitet
-
Ansvar for vedlikehald og oppfølging av maskiner og utstyr
-
Ha god kjennskap til EcoOnline og kjemikaliebruk, med fokus på HMS og ytre miljø
-
Ansvar for innkjøp av varer og kontakt med leverandørar
-
Oppdatere og vidareutvikle rutinar, skjema og prosedyrer i kvalitetssystemet
-
Ansvar for opplæring av nytilsette og bidra til fagleg utvikling i avdelinga
-
Kontrollere timelister og fråvær
-
Kontroll og vidareformidling av faktura
-
Delta aktivt i stabsmøter, leiarmøte og personalmøte
-
Ei spennande stilling med fagleg ansvar
-
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
-
Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
-
Grundig opplæring og tett samarbeid i kvardagen
-
Stabil arbeidstid og ordna forhold
-
Ei viktig rolle i å skape eit reint, trygt og helsefremmande miljø
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Personalgoder som treningsfasiliteter, tilgang til basseng og personalprisar i kafé
Om arbeidsgiveren:
Muritunet er eit rehabiliteringssenter lokalisert i naturskjønne Valldal på Sunnmøre. Senteret tilbyr spesialisert medisinsk rehabilitering etter avtale med Helse Midt-Norge, med både døgnavdeling i Valldal og dag- og poliklinisk tilbod i Ålesund.
Muritunet har eit aktivt og tverrfagleg fagmiljø med ulike yrkesgrupper som samarbeider tett for å gi pasientane heilskapleg oppfølging. Verksemda har varierte fasilitetar som treningssenter, basseng, gymsal, fellesareal og eige kjøkken med servering til pasientar og kafédrift.
Som arbeidsplass stiller Muritunet høge krav til kvalitet, hygiene og trivsel, og reinhald er ein viktig del av pasientopplevinga, smittevernarbeidet og det daglege driftsmiljøet.