Stad kommune har ledig ei 100 % prosjektstilling frå 12.08.2026 til 30.06.2027
Vi søkjer ein engasjert og strukturert prosjektmedarbeidar til to prosjekt:
1. "Bli med på fritidsaktivitet i Stad!"
Prosjektet skal kartleggje fritidstilbod, barrierar for deltaking og tiltak som kan gi fleire born og unge like moglegheiter til å delta. Forventa prosjektresultat er varige rutinar tilgjengeleggjering og formidling av denne informasjonen i heile kommunen.
2. "Etablering av faste opplæringsarenaer for digital kompetanse i Stad kommune".
Prosjektet skal etablere faste arenaer for digital hjelp og opplæring ved bibliotek og frivilligsentralar, samt styrke frivillige og tilsette som gir digital støtte hos heimebuande eller i andre kommunale tenester.
Arbeidsstad vil vere delt mellom Nordfjordeid og Selje, med oppgåver fleire stader i kommunen.
ArbeidsoppgåverDu skal mellom anna:
- koordinere samarbeid mellom kommune, frivillige og andre aktørar
- etablere og vidareutvikle tilbod for digital hjelp
- rekruttere og følgje opp frivillige digihjelparar
- bidra til kurs, opplæring og informasjonsarbeid
- kartleggje og synleggjere fritidsaktivitetar for barn og unge
- bidra til rutinar og system som fremjar inkludering
- arbeide med marknadsføring og informasjon i digitale og trykte kanalar
Utdanning:
- Relevant høgare utdanning innan samfunn, offentleg administrasjon, folkehelse, pedagogikk, sosialt arbeid eller liknande er ein fordel. Relevant arbeidserfaring kan også kvalifisere.
Erfaring og kunnskap:
- Du må ha erfaring med prosjektarbeid, koordinering eller tverrfagleg samarbeid
- Du må ha god forståing for samspelet mellom kommune, frivillig sektor og innbyggjarar
- Erfaring med frivillig arbeid, inkluderingsarbeid, digital opplæring eller arbeid med barn og unge er ein fordel
- Du må ha gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
- Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Erfaring med å arrangere kurs er ein fordel
- Du er ein positiv og raus lagspelar
- Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
- Du er god til å byggje relasjonar og skape samarbeid
- Du er utadvendt og serviceinnstilt
- Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt
- Du er utviklingsorientert og endringsvillig
Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr- eit meiningsfullt og utviklande arbeid med stor samfunnsnytte
- varierte arbeidsoppgåver og høve til å utvikle nye samarbeid
- eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, bibliotek og kulturarv
- løn etter tariff og gode pensjonsordningar
Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt Leiar for Eid frivillisentral Astrid Grete Torheim, tlf 41460042 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
KontaktinformasjonAstrid Grete Torheim , Leiar Eid frivilligsentral, 41460042, astrid.grete.torheim@stad.kommune.no
Geir Holmen, Kultursjef, 90 77 99 33, geirholmen@operahuset.no
Sophus Lie-vegen 3
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5129014922
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 12.08.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 07.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!