Grunna auka oppdragsmengd søkjer vi etter ein allsidig og engasjert medarbeidar til verkstaden vår. Vi ser etter deg som ynskjer ein variert arbeidskvardag innan både bilmekanikk og bilberging.
Hva vi ser etterKvalifikasjonar
• Fagbrev som bilmekanikar (lette køyretøy) er ynskjeleg
• Erfaring fra verkstad er ein fordel
• Førarkort klasse B (krav)
• Førerkort klasse C er ein fordel (for bilberging)
• PKK-godkjenning er ein fordel
• YSK (yrkessjåførkompetanse) er ein fordel for bilberging
• Kurs i arbeidsvarsling er ein fordel
• Plettfri vandel
Personlege eigenskapar
• Sjølvstendig og strukturert
• Løysingsorientert og praktisk anlagt
• God arbeidsmoral og samarbeidsevne
• Positiv og fleksibel
Vi oppfordrar deg til å søke sjølv om du ikke oppfyller alle kvalifikasjonane. Riktig person med god motivasjon kan vere vel så viktig som formell kompetanse.
Arbeidsoppgaver• Service og reparasjonar på lette køyretøy
• EU-kontrollar (PKK)
• Feilsøking og diagnose
• Bilskade / - oppretting (ved behov/kompetanse)
• Bilberging i samarbeid med VIKING og REDGO
• Deltaking i vaktordning (etter avtale)
Vi tilbyr• Ein variert og spennande arbeidskvardag
• Moglegheit for utvikling innan både verkstad og bilberging
• Godt arbeidsmiljø
• Konkurransedyktige vilkår
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Moglegheit for vaktordning
• Moderne bilpark
Om arbeidsgiveren:
Haugsvær Auto AS er ein lokal verkstad i Meca-kjeden med fokus på kvalitet og service. Vi utfører arbeid på lette køyretøy og driv i tillegg med bilberging i samarbeid med VIKING og REDGO.