Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå medio august 2026/etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Brekke, med ordinære vakter i vekene og langvakter kvar 4.helg. Me jobbar kontinuerleg med arbeidstidsordningar og langvaker i vekedagane (frivilleg ordning). Dette kan verte aktuelt for denne stillinga også.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Me tilbyr:
- Løn over tariff for sjukepleiarar i turnus
- Ekstra helgekompensasjon ved gått vakt
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
- Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Bidra til tenesteutvikling og intern kompetanseheving
- Andre oppgåver som måtte kome til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
Me ser etter deg som:
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Har god relasjonskompetanse
- Er lojal mot lokale retningslinjer og rutiner og bidreg positivt til endringsarbeid
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Om arbeidsgiveren:
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.