Sjukepleiarar - fleksiressurs 

STRANDA KOMMUNE VASSVERK · Norway

EURES Posted May 21, 2026 First seen May 21, 2026

Stranda kommune har ledig inntil 3 x 100% faste sjukepleiarstillingar. Stillingane er nyoppretta fleksiressurs-stillingar, etablerte for å styrke kvalitet, fagmiljø og fleksibilitet innan pleie- og omsorgstenestene.

Stillingane fordrar fleksibilitet med omsyn til teneste både i Stranda og Sunnylven distrikt. Vi ynskjer fleksible sjukepleiarar som er motiverte for nye utfordringar, og som vil lære om drifta ved dei ulike avdelingane og omsorgssentera som er i kommunen. Dette vil bidra til auka kompetanse og fagleg utvikling på ein ny og spennande måte.

Som fleksiressurs vil du arbeide der behovet til ei kvar tid er størst, i tett samarbeid med leiarar og fagmiljø i tenestene. Stillingane er knytte til turnus og gir ein variert og fagleg spennande kvardag. Du vil få opplæring og rettleiing, og bli godt kjent i tenestene over tid.

Kvifor velge oss:

  • Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
  • Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
  • God variasjon i oppgåver og utfordringar
  • Fokus på trivsel og arbeidsglede
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling. Muligheit for vidareutdanning med støtte


Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.

Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.


Arbeidsoppgåver
  • Kartlegge, vurdere og igangsette målretta sjukepleietiltak
  • Tverrfagleg samarbeid for å sikre god pasientbehandling
  • Legevisitt
  • Bidra til godt samarbeid med pasient, pårørande og kollegaer
  • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg, tilsvarande nivå B2
  • Grunnleggande digital kompetanse
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Interesse for å arbeide med eldre og vere opptatt av høg fagleg kvalitet på tenestene
  • Like å arbeide både i team, men også sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst, strukturer og ha godt humør
  • Fleksibel og open for varierte arbeidsoppgåver
  • Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Varierte arbeidsoppgåver, samt innflytelse på eigen arbeidsdag
  • Ungt og fagleg aktivt miljø
  • Godt arbeidsmiljø prega av mangfald, fag og humør
  • Treningsrom for tilsette
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Lønn etter tariff

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offentlig tenestepensjon

KontaktinformasjonJane Petrin Solheimsnes, Kommunalsjef, +47 46411003
ArbeidsstadØyna 13
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5124540075
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 15.06.2026

Om arbeidsgiveren:

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.