Har du lyst til å jobbe på Førde Klatresenter?

FØRDE KLATRESENTER AS · Norway

EURES Posted May 7, 2026 First seen May 20, 2026

Vil du være med å bidra til drifta av Førde Klatresenter, og samtidig jobbe i eit aktivt og inkluderande miljø? Førde Klatresenter søkjer ein engasjert og påliteleg klatrevert i 80% stilling, med moglegheit for auka stillingsprosent for den rette kandidaten. Oppstart august/september.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Interesse for klatring (erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav)

  • Serviceinnstilt og positiv i møte med kundar

  • Ansvarsbevisst og strukturert

  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

  • Fleksibel med tanke på arbeidstid

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift av klatresenteret

  • Kundeservice og vertskapsrolle i resepsjon

  • Matlaging og servering i kafé

  • Sikring av eit trygt og triveleg klatremiljø

  • Reinhald og vedlikehald av utstyr og lokale

  • Bidra til arrangement og kurs

  • Marknadsføring og sosiale medier

Vi tilbyr

Vi tilbyr:

  • Eit sosialt og aktivt arbeidsmiljø

  • Varierte arbeidsdagar

  • Moglegheit for å bidra til drifta av klatresenteret

  • Moglegheit for auka stilling for rett kandidat

  • Gratis klatring og gode rabatter i butikk og kafé

Om arbeidsgiveren:

Førde Klatresenter er eit moderne innandørs klatreanlegg i Førde som tilbyr klatring for både nybegynnarar og erfarne klatrarar. Senteret har buldreveggar og tauklatring, og legg vekt på eit trygt, inkluderande og sosialt miljø. I tillegg arrangerer vi kurs, introduksjonskurs og ulike aktivitetar for både barn og vaksne.