Driftsleiar ved Glimt Aktivitetssenter

FJORD KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · Norway

EURES Posted May 21, 2026 First seen May 20, 2026

Vi har ledig ei spennande vikarstilling som Driftsleiar ved Glimt Aktivitetssenter i Valldal i Fjord kommune, og søker deg som er kreativ, positiv og glad i å arbeide med menneske. Stillinga er 100% med arbeid på dagtid, og er eit vikariat i 8 månader med mulegheit for forlenging. Opplæring fortløpande.

Glimt Aktivitetssenter er eit tenestetilbod for menneske med ulike fysiske og psykiske utfordringar. Våre viktigaste intensjonar er inkludering, meistring, kjensle av eige verd, sosial kontakt, og positive aktivitetar for auka livskvalitet for den enkelte. Brukarane skal ha aktive og meiningsfulle kvardagar, bygge gode relasjonar og ha tilpassa arbeidsoppgåver i eit trygt og godt miljø.

Kanskje er du den vi leitar etter? Er du ein person som tek ansvar, har overblikk, er raus, roleg, trygg og engasjert? Har du evne til å sjå den enkelte sine ønske og behov og tilrettelegge deretter? Då kan det vere nettopp du som er den rette for oss!

Stillinga vil arbeide tett ilag med Habiliteringstenesta, og alle brukargrupper i Fjord kommune er i målgruppa for dette aktivitetssenteret.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.


Arbeidsoppgåver
  • Miljøarbeid retta mot målgruppa
  • Organisere og gjennomføre aktivitetar
  • Planlegge og tilrettelegge aktivitetar både individuelt og i fellesskap
  • Bidra til sosialt fellesskap og godt miljø
  • Sikre brukarmedverknad
  • Utarbeide planar og rutiner
  • Oppfølging av rutiner og kvalitetssikring
  • Samarbeid med ulike aktørar
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning eller erfaring frå liknande arbeid
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • God på planlegging og drift
  • Kjennskap til lokalt næringsliv
  • Førerkort klasse B
  • Krav om politiattest
Personlege eigenskapar
  • Kreativ
  • Framoverlent, trygg og god til å bygge relasjonar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du må like å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Positiv og engasjert
  • Fleksibel og tar initiativ
  • Positiv til nye utfordringar
  • Trivast ilag med menneske

Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr
  • Spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Tilsetting og arbeidsvilkår etter gjeldande lover og tariffar
  • God pensjonsordning gjennom KLP
KontaktinformasjonAnna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, +47 41867990
ArbeidsstadOlavsgata 38
6210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Referansenr.: 5133201768
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 11.04.2027
Søknadsfrist: 27.05.2026

Om arbeidsgiveren:

null