Skei heimeteneste søker etter

SKEI HEIMETENESTE · Norway

EURES Posted May 20, 2026 First seen May 20, 2026

I vakre Skei på Jølster, ved breidda av Jølstravatnet, har Skei heimeteneste no ledig stilling.

Vi har som mål å vere ei teneste i utvikling, der pasient og fagleg fokus står sentralt. Vi likar strukturerte og effektive dagar, men og at det er rom for latter og god prat i pausane. Målet vårt er å finne dyktige og trivelege personar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg? Vi håpar det og at du vart litt nysgjerrig no.

Vi har ledig stilling som:
  • Helsefagarbeidar i 100 % vikariat i perioden 15.08.2026 - 15.08.2027

Vi tilbyr:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • drivande godt arbeidsmiljø
  • god og tilstadeverande leiing
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • førarkort

Søkarar som ikkje er helsefagarbeidar, men har interesse for faget, kan bli vurdert ved mangel på kvalifiserte søkarar.

Vi søker deg som:
  • har fokus på pasientane og fagleg kvalitet
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • er strukturert, ansvarsbevist og løysingsfokusert
  • taklar å jobbe i ulike avdelingar
  • har interesse for demensomsorg
  • har interesse for velferdsteknologi
  • er nytenkjande og kreativ
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Søkar må legge fram gyldig politattest ved start i stilling.

Du søker elektronisk. Velkommen som søkar!


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.