Menighetsarbeidar i 80 prosent stilling

BJERKREIM SOKN · Norway

EURES Posted May 20, 2026 First seen May 20, 2026

Vi søkjer etter ny menighetsarbeidar til Bjerkreim sokn. Vi treng ein person som er glad i barn og ungdom til å ha ansvar for kyrkjeleg undervisning og læring opp til 18 år. Det vil bli lagt vekt på personlege kvalifikasjonar og fleksibilitet, samt evne og vilje til å arbeide i team.

Hva vi ser etter

· Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge

· Har evne til å planlegge og arbeide sjølvstendig

· Har relevant utdanning innan pedagogikk og/eller kristendom. Personar med erfaring frå liknande stillingar eller frå anna pedagogisk arbeid kan òg søkje.

· Er personleg eigna til stillinga

· Er komfortabel med å formidle tru

· Meistrar norsk skriftleg og munnleg

· Er medlem i Den norske kyrkja

Arbeidsoppgaver

· Ha ansvar for aktivitetar for ungdom i regi av Bjerkreim sokn, eksempelvis koordinere trafikalt grunnkurs, Kode B, Connect.

· Tilrettelegge praktisk og delta i konfirmantarbeidet i nært samarbeid med soknepresten

· Rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar og aktivt samarbeide med desse

· Delta i utvalet for kyrkjeleg undervisning og læring

· Ha ansvar for årlege samlingar for ulike alderstrinn

· Samarbeide med skular og barnehagar om kyrkjebesøk

· Arrangere dåpsskule og ha ansvar for utdeling av bøker på familiegudstenester

· Delta på stabsmøte og gjennomføre ulike oppgåver saman med resten av kyrkjestaben

Vi tilbyr
  • 40 prosent fast stilling, i tillegg kjem 40 prosent vikariat - med mulighet for fast tilsetjing

  • Fleksibel arbeidstid innanfor ramma til stillinga

  • Variert og spennande jobb

  • Kontorplass på kyrkjekontoret på Vikeså saman med sokneprest, diakon, sekretær/kyrkjemusikar og kyrkjeverje.

  • Ordna løn- og arbeidsvilkår. Løn etter KAs tariffavtale og pensjonsordning i KLP.


Om arbeidsgiveren:

Bjerkreim ligg i regionen Dalane, og kommunen har om lag 2800 innbyggarar. Vikeså er kommunesentrum. Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv og vakker natur.

Det tar ca. 25 min å køyre til Egersund, 50 minutt til Stavanger.

Bjerkreim er ein eittsoknskommune med to kyrkjer. I tillegg er det to bedehus med stor aktivitet, soknet samarbeider godt med desse. Vi har ein flott stab og ein aktiv kyrkjelyd.