Psykolog/psykologspesialist

BUFETAT VEST TFCO BERGEN AVD INSTITUSJON · Norway

EURES Posted Jun 5, 2026 First seen Jun 5, 2026
Om stillinga og arbeidsstaden

Er du ein psykolog med engasjement for barn og unge, og har eit ønske om å bidra til fagleg utvikling i barnevernet? Då kan dette vere stillinga for deg! Bufetat region vest har ledig ei 100 % fast stilling som psykolog/psykologspesialist i stab ved Seksjon for fagleg støtte. Du blir ein del av eit sterkt og engasjert fagmiljø ved regionkontoret i Bergen – eit miljø som verdset nytenking, samarbeid og kontinuerleg kompetanseutvikling. Kortare reiseverksemd utanbys kvar 3-4 veke må påreknast.


Arbeidsoppgåver
  • Rådgjeving og fagleg rettleiing av tilsette ved institusjonane våre. Prosessrettleiing ved behov.
  • Auke barns medverknad gjennom rettleiing og samtalar.
  • Planlegging og gjennomføring av kurs og opplæring.
  • Intern fagutvikling i samarbeid med dyktige kollegaer.
  • Leiing av utviklingsprosessar og implementering av fagmodellar.
  • Moglegheit til å påverke og forme fagleg retning i regionen.
  • Skriftlege oppgåver av ulik karakter i tråd med behov i regionen.

Kva bakgrunn har du?

Du har:

  • profesjonsutdanning som psykolog eller psykologspesialist. Ulike spesialiseringar vil kunne bli vurderte.
  • relevant helse- og sosialfagleg bachelor med vidareutdanning innan rettleiing vil også kunne vurderast.
  • erfaring frå arbeid med barn og unge, familiar og barnevernsinstitusjonar.
  • førarkort klasse B.
  • gode IKT-ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Det er ønskeleg at du har:

  • Erfaring frå arbeid med traume, åtferdsvanskar, rus eller utviklingsforstyrringar.

Personlege eigenskapar
  • Du motiverer og kommuniserer godt – både på tomannshand og i gruppe.
  • Du er ein lagspelar med evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Du trivst med å jobbe gjennom andre for å skape god miljøterapi for barn.
  • Du er strukturert og samstundes fleksibel samt har høg arbeidskapasitet.
  • Du trivst med samarbeid og er fleksibel og pliktoppfyllande.
  • Du har god systemforståing og tilpassar deg til rammene i organisasjonen.

Kva får du hos oss?
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 690 000 - 750 000 pr.
    år, 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 850 000 - 930 000 pr. år, eller 0795 spesialpsykolog,
    p.t. kr 750 000 - 850 000 pr. år.
  • Alternativt som helse- og sosialfagleg, er stillinga plassert i stillingskode 1434 rådgjevar, p.t. kr 620 000 - 710 000 pr. år, eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr. 650 000 - 760 000 pr. år.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Du får ein variert og spanande arbeidskvardag i ein seksjon som på skal bistå institusjonane i regionen i deira faglege arbeid. Du vil bli kollega med psykologar og barnevernfaglege med ulike erfaringsbakgrunnar og oppgåver.

Du vil bli del av regionen sin stab, med ei rekkje ulike oppgåver, seksjonar og fagprofesjonar. Saman jobbar vi kvar dag for å løyse eit viktig samfunssoppdrag.


Opplysningar til deg som søkjar
  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Seksjon for fagleg støtte.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.

    Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.


Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Om arbeidsgiveren:

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.