Sjukepleiar? Bli en del av teamet ved Hjartepost og MIO 

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS · Norway

EURES Posted Jun 5, 2026 First seen Jun 5, 2026

Har du interesse for hjartepasientar, avansert overvaking og akuttmedisin? Vi har 2 ledige 100 % fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus, med oppstart etter avtale.

Hjarteposten og MIO er ein del av Hjarte- og lungeseksjonen og består av ein kardiologisk sengepost og ei medisinsk intermediær overvaking (MIO). Per i dag er det 9 senger på Hjarteposten og 6 senger på MIO.

Hos oss møter du eit spennande pasientgrunnlag med behov for både basal og avansert behandling.

Vi behandlar pasientar med hjartesjukdommar som akutt/trugande hjarteinfarkt, arytmiproblematikk, dei som har behov for pacemaker, har hjartesvikt og andre hjartelidingar. Vi tek oss av pasientar som treng overvaking, pasientar med sepsis, ketoacidose, forgifting, hjerneinfarkt, arytmi, elektrolyttforstyrringar og respirasjonsproblem som krev non-invasiv respirasjonsstøtte. MIO bemannar også sjukehuset sin scop-/telemetrisentral, og scopvakta er ein del av hjartestans-teamet.

Her får du jobbe i team - ulike yrkesgrupper samarbeider tett for å gi best mogleg kvalitet i pasientbehandlinga.

Kvalitet og læring står sentralt. VI har eigne fasilitatorar som sikrar årlege AHLR-simuleringar, i tillegg til vekentlege simuleringar knytt til NEWS og akutte situasjonar.

Hjartepoliklinikken vår har høg aktivitet - om lag 8000 årlege konsultasjonar. Her arbeider dedikerte sjukepleiarar, fleire spesialiserte innan fagområde som hjartesvikt, arytmi og pacemaker.

✨ Bli med på laget vårt – søk no!

Avdelinga er i spennande utvikling – vi skal flytte inn i nyoppussa lokale og byggje opp eit sterkt og samkøyrt tilbod saman. No ser vi etter ein sjukepleiar som vil vere med å skape ein trygg, fagleg sterk og varm Hjartepost/MIO for pasientane våre.


Kva går jobben ut på?
  • Utgreiing, behandling, overvaking og pleie av pasientar
  • Iverksetjing av sjukepleietiltak
  • Medikamenthandtering
  • Bruk av medisinsk teknisk utstyr
  • Samarbeid med kommunar
  • Oppfølging av pårørande
  • Veiledning av studentar og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Relevant sjukehuserfaring er ein fordel.
  • Kjennskap til hjartepasientar og akutt kritisk sjuke.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • trivs med å arbeide med mennesker
  • er fagleg engasjert og interessert i faget
  • bidrar til gode og trygge pasientforløp
  • har evne til å motivere og engasjere
  • kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • held deg roleg og objektiv i stressande eller krevande situasjoner
  • tek ansvar for eigne oppgåver
  • kan arbeide sjølvstendig og i team
  • ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar blir vektlagt

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Eit tilpassa opplæringsprogram - slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt.
  • Ein 12-månaders kalenderplan - gir deg involvering og god forutsigbarheit.
  • God fagkompetanse - vi støttar relevante vidareutdanningar, innan kardiologi, intensiv og palliasjon.
  • Fordypningsdagar, fagdagar og simuleringstreninger - kvart år.
  • Kombinasjonsstillingar mellom Hjertepost, MIO og poliklinikk - for dei som ynsker det.
  • Bli ein del av eit aktivt og positivt arbeidsmiljø - med flinke og gode kollegaer.
  • Ein spennande, meiningsfull og utfordrande jobb.

Dersom ønske om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonAnna Flotve, Funksjonsleiar, +47 41863981, anna.flotve@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgaten 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5141599863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.