VA Ingeniør

SVEIO KOMMUNE DRIFT- OG ANLEGGSAVDELINGA · Norway

EURES Posted Jun 5, 2026 First seen Jun 5, 2026
Om stillinga

Ved Drift- og anleggsavdelinga er det ledig 100% fast stilling som medarbeidar med utdanning og bakgrunn innan VA eller kommunalteknikk. Stillinga er tillagt fagansvar for VA drift i Sveio kommune.


Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for drift- og vedlikehald av kommunens VA anlegg
  • Fagansvar for VA drift
  • Arbeid med leidningskartverk
  • Internkontroll, HMS og kvalitetssikring
  • Saksførebuing
  • Arbeid med hovudplanar VA og andre overordna planar
  • Prosjektleiing
  • Andre arbeidsoppgåver ved avdelinga
  • Deltaking i kommunal vaktordning kan verte aktuelt

Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning frå universitet, høgskule eller teknisk fagskule
  • Kjennskap til lovar og forskrifter innan fagområdet
  • Gode datakunnskaper

Personlege eigenskapar
  • Initiativ og interesse for fagområdet
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og målretta
  • Strukturert, med evne til å organisera og vera ein pådrivar i prosjekt
  • Evne til å oppnå resultat og til å samarbeida med andre
  • Tydeleg, med gode kommunikasjonsevner
  • Kunna arbeida effektivt og trivast i ein hektisk kvardag
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi tilbyr
  • Interessant stilling og trivelege arbeidsforhold i tverrfaglig miljø
  • Gode muligheter for faglige utfordringar og personlig utvikling
  • Gode muligheter for personer som ynskjer å gjere en forskjell på eit viktig område
  • Faglig interessant byggeprosjekt med nytt produksjonsanlegg under bygging
  • Nye og fine kontorlokale med eige trimrom
  • Godtgjersle for bruk av eigen bil etter kommunalt regulativ
  • God pensjonsordning
  • Løn etter avtale

Om arbeidsgiveren:

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.