Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:
Kvalifikasjonar (overskrift)
Avdeling for medisinsk genetikk (MGM) er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har regionansvar for genetiske tenester i Helse Vest. Vi har om lag 90 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn, og vi er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk, ei laboratorieeining med to seksjonar, og ein merkantil seksjon. Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft (RKAK) og Regionalt senter for presisjonsmedisin er også knytta til avdelinga. Vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etasje i Laboratoriebygget, medan vår medisinsk-genetiske poliklinikk er lokalisert til 2. etasje i same bygg.
Seksjon for merkantile tenester har totalt 7,7 årsverk som skal dekkje behovet for merkantile tenester for heile avdelinga. Arbeidsoppgåvene er fordelt på ulike arbeidsstasjonar og helsesekretærane rullerer mellom stasjonane etter oppsette planar. I tillegg blir helsesekretærane tildelt spesialoppgåver etter behov.
Kontakperson: Merethe Mjeldheim, tlf. 55975605.
Kronstad (DPS), kontorseksjon Kronstad DPS tilbyr gode og trygge tenester og har ansvaret for sentrumsregionen i Bergen (bydelene Bergenhus, Årstad og Ytrebygda), og befolkningsansvaret omfatter ca. 100.000 mennesker over 18 år. Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.
Kontaktperson: Toril Hustrudlid, tlf. 55956091.
Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling
- Pasientadministrative oppgåver
- Telefon/resepsjonsteneste
- Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
- Økonomisk oppgjer
- Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
- Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr/transport/tolk
- Ved Avdeling for medisinsk genetikk bistår sekretærane mellom anna med blodprøvetaking, mottak og registrering av pasientprøver, og tegning av slektstre
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
- Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
- Du må ha gode IKT-kunnskapar
- Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
- Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktigheit
- Serviceinnstilling
- Fleksibel og evne til å ta utfordringar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
KontaktinformasjonSigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar, +47 90740524ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5140298382
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.