Ledig vikariat og fast stilling i Enge barnehage

ENGE BARNEHAGE · Norway

EURES Posted Jun 3, 2026 First seen Jun 3, 2026

Enge barnehage har ledig ein fast 100 % assistent stilling knytt til stor avdeling. I tillegg er det ledig vikariat på 80 %, den stillinga er fordelt på to småbarnsavdelingar.

Arbeidsoppgåver
  • Vera ein trygg og tilstadeverande vaksen i barnas kvardag.
  • Delta i leik, aktivitetar og kvardagsrutinar.
  • Samarbeida med øvrige tilsette for å skapa eit godt og inkluderande miljø.
  • Bidra i det praktiske arbeidet som er knytt til arbeidet i barnehagen.
Kvalifikasjonar

Erfaring frå arbeid med barn, enten frå barnehage eller skule.

Eigenskapar
  • Er engasjert, varm og tilstade med barna.
  • Har gode samarbeidevner
  • Tek ansvar og viser initiativ.
  • Ha gode norsk kunnskapar.
Me tilbyr
  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Varierte arbeidsdagar og verdifull erfaring.
  • Opplæring og støtte frå kollegaer.
Annan informasjon

Den som blir tilsett må leggja fram politiattest av nyare dato.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632