Lege i spesialisering, LIS3, psykiatri

HELSE FONNA HF FOLGEFONN DPS DØGNAVDELING - VALEN · Norway

EURES Posted Jun 1, 2026 First seen Jun 1, 2026

Det er ledig vikariat for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam døgnpost Folgefonn DPS, Valen frå 1. september 2026

Folgefonn DPS er ein avdeling i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Vi har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 innbyggjarar.

Idag har vi 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med overlege i psykiatri, psykologspesialist og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.

Hos oss legg vi til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket.

Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse tenesteområda:

  • Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar
  • Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar
  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk

Valen sjukehus, som ligg 20 meter unna, har videre 2 år med godkjenning på desse områdene:

  • Akutt psykiatrisk post
  • Langtidsposter, med spesialisering på psykose, rehabiliterings-, og sikkerhetspsykiatri, som lis vil bli innlemma i sin 5-års-rotasjon, om ønskjeleg

Det siste året kan gjennomførast i BUP, ein tettstad 6 kmilometer unna.

Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning for allmennlegar spesialisering (ALIS). Ein legg og til rette for ALIS teneste i på Valen og poliklinikk Odda. ALIS teneste Odda er utan vakt.

Høyrest dette ut som noko for deg? Ta gjerne kontakt om du lurer på noko – vi vil veldig gjerne høyre frå deg!


Kva går jobben ut på?
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga
  • Vere ein aktiv del av det tverrfaglege behandlingsteamet
  • Medikamentell behandling, individualterapi, vurdere pas. for andre behandlingsformer t.d. gruppepolikliniske tilbod som treningspoliklinikk, musikk terapi og strukturert dagbehandling
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Godkjent medisinsk embetseksamen.
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande
  • Grunnleggande IKT-kompetanse, kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
  • Lege med lisens kan verta midlertidig tilsett ved mangel på kvalifiserte søkjarar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • set pasienten i fokus og møter folk med respekt og tryggleik
  • arbeider sjølvstendig og strukturert
  • kommuniserer godt, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • trivst med å jobbe i team og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Kvifor skal du velje oss?
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fagleg vegleiing individuelt og i grupper
  • Internundervisning og regelmessig fagleg fellesskap med Valen sjukehus.
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffa bustad
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift)
KontaktinformasjonRolf Christian Mehl, Avdelingsoverlege, +4741470958, rolf.christian.mehl@helse-fonna.no
Maren Elise Skogseth, Avdleingsleder, 95187657, maren.skogseth@helse-fonna.no
ArbeidsstadSjukehusvegen 13
5451 Valen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5137225494
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026

Om arbeidsgiveren:

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og elleve ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.