Sjukepleiar/helsefagarbeidar natt - 62,4 % fast

FYRESDAL KOMMUNE HEIMEBASERTE TJEN · Norway

EURES Posted May 29, 2026 First seen May 29, 2026

Heimetenesta yter helsehjelp til innbyggarar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte. Heimetenesta i Fyresdal er eit godt team som jobbar målretta for at pasientar skal få bu og virke i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Vi har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Målet i heimetenesta er å jobbe som eit lag. Respekt for kvarandres profesjonar er viktig. Humor i arbeidskvardagen er viktig i teamet, og det er viktig å kunne vere seg sjølv blant kollegaer. Vi tek vare på kvarandre!

Vi søker sjukepleiar/helsefagarbeidar til heimetenesta på natt. Vi ynskjer oss ein sjukepleiar/helsefagarbeidar som er serviceinnstilt, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, iniativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Den vi søker må vere god på stressmeistring, fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgåver.


Arbeidsoppgåver
  • Klinisk arbeid med pasientar, både grunnleggande pleie og elles medisinsk oppfylging.
  • Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med resten av teamet i heimetenesta.
  • Samarbeid med andre fagmiljø og ressurspersonar internt til det beste for pasienten.
  • Medikamenthandtering.
Kvalifikasjonar
  • Både søkarar med autorisasjon som sjukepleiar og helsefagarbeidar er velkomne til å søke.
Personlege eigenskapar
  • Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Har god evne til å jobbe sjølvstendig.
  • Er ansvarsfull og stabil.
  • Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert.
  • Har stor arbeidskapasitet.
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon.
  • Likar utfordringar.
  • Beherskar norsk både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
  • 35,5 timars veke. Arbeid i turnus på natt og arbeid kvar 3. helg.
  • Løn etter avtale.
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
  • Barnehage og skule lokalisert i sentrum.
  • Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar til går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, herunder 6 månadar prøvetid.

Den som blir tilsett må ha førarkort klasse B.

KontaktinformasjonCharles La, Kommunalsjef helse og omsorg, 97340811, charles.la@fyresdal.kommune.no
ArbeidsstedPrærien 23
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5132414673
Stillingsprosent: 62,4%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2026

Om arbeidsgiveren:

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.