Helsefagarbeidar

GLOPPEN OMSORGSSENTER · Norway

EURES Posted May 28, 2026 First seen May 28, 2026

Er du den vi søkjer? 😊 Vi har ledige stillingar i avdeling Oreteigen på Gloppen omsorgssenter.

Ei fast stilling i 100 % stilling som helsefagarbeidar. Oppstartsdato er snarast.

Vi har også to vikariat i 100 % stilling frå no. Eit vikariat går fram til 1. mars og eit til 1. mai.

Stillingane er organisert i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg.


Oreteigen er ei bueining for eldre med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning.
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnosar og komplekse sjukdomsforløp som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.

Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg



Arbeidsoppgåver
  • Utføre heilskapleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
  • Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Har god og generell IT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen
Personlege eigenskapar
  • Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel
  • Ein som medverkar til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivast med endringar og nytenking
  • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr
  • Eit fagleg og engasjert arbeidsmiljø
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. For nytilsetting i kommunen er det innført eit rekrutteringstillegg i turnusstillingar.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding

KontaktinformasjonEva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
ArbeidsstadGrandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5133246407
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 17.06.2026

Om arbeidsgiveren:

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.