Arbeidsoppgåver
- Støtte elevane si læring og trivsel ved å bidra aktivt til den faglege og sosiale utviklinga deira gjennom heile skuledagen
- Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å meistre eit mest mogleg sjølvstendig liv som vaksne
- Gjennomføre aktivitetar og læringsøkter i tråd med pedagogiske planar
- Samarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål
- Vi søkjer etter personar med relevant miljøfagleg utdanning, minimum fagbrev og kompetanse retta mot ungdom med lære- og åtferdsvanskar.
- Personane må ha interesse for, og høg motivasjon for å drive miljøarbeid med elevar med samansette vanskar, utviklingshemming og utagerande åtferd.
- Det er også ønskjeleg med kunnskapar og praktiske ferdigheiter innan naturbruk.
- Vi søkjer etter utåtvende og samarbeidsvillige personar som kan jobbe i team, og utføre sjølvstendig arbeid i tråd med pedagogiske planar.
- Vi ønskjer personar som har kompetanse og erfaring frå arbeid med ungdom, og som er gode til å byggje relasjonar til elevane, men samstundes kan stå i vanskelege situasjonar over tid.
- Å vere personleg eigna er særs viktig i dei utlyste stillingane.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
KontaktinformasjonFrode Skudal, avdelingsleiar, +4795968765
ArbeidsstadFanavegen 249
5244 Fana
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5134530293
Stillingsprosent: 85,27%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.