Lærar ved Stadlandet skule

STADLANDET SKULE · Norway

EURES Posted May 26, 2026 First seen May 26, 2026

Har du lyst til å bli ein del av teamet på Stadlandet skule?

Vi har ledig 100 % vikariat frå 01.08.2026, som lærar 1. - 10. trinn.

Stadlandet skule ligg på Leikanger og er ein 1-10-skule med om lag 140 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsøkter
  • Leie læringsarbeidet ved å legge til rette for praktiske og varierte læringsaktivitetar i klasser og grupper
  • Arbeide systematisk og målretta med grunnleggande ferdigheiter i alle fag
  • Bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
  • Delta og bidra i samarbeid med kollegaer
  • Tett samarbeid med føresette, interne og eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
  • Godkjent grunnskulelærarutdanning 1–7 eller 5-10
  • Søkjarar med faglærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning kan òg verte vurderte, særleg dersom dei har fagleg fordjuping i norsk, matematikk eller engelsk
  • Det er særleg ønskjeleg med kompetanse i engelsk og spesialpedagogikk
  • Gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Du har god relasjonskompetanse
  • Du har gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn og med ulike livssyn
  • Du kan leie grupper og klasser på ein god og inkluderande måte
  • Du arbeider sjølvstendig og systematisk
  • Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysingsorientert
  • Du kan syne til stabilitet og kontinuitet over tid
Vi tilbyr
  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Gode lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Arbeidsattestar og vitnemål skal lastast opp saman med søknaden.
Dei som vert tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato.
Stad kommune har prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon ta kontakt med rektor Stig W. Ågedal-Mortensen tlf 930 13 021. KontaktinformasjonStig W. Ågedal-Mortensen, Rektor Stadlandet skule, 930 13 021, stig.agedal-mortensen@stad.kommune.no
ArbeidsstadØvre Sjåstad 2
6750 Stadlandet
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5132135474
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 07.06.2026

Om arbeidsgiveren:

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no