Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i ressursgruppa Nordmøre og Trøndelag, pt. MF Edøyfjord og MF Eid.
Vi har no ei interessant moglegheit som maskinsjef på våre reservefartøy på nordmøre og trøndelag. No omfattar dette MF Edøyfjord og MF Eid, med base i både Kristiansund og Levanger, der ein er om lag halvparten av tida på kvar stad. I denne stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at våre reserveferjer alltid er operative. Du vil også yte støtte til driftande ferjer ved behov for akutt byte av fartøy eller i samband med planlagde verkstadsopphald.
Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøyene. For å lykkes i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land.
Du får fast turnus og grunnlønn, skiftordning er to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale. Det blir òg gitt fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad. For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar med ansvar for skipet sitt tekniske utstyr og at det oppfyller krav frå klasse og styresmakter
- Vedlikehald av maskineri og komponentar i samsvar med AMOS vedlikehaldssystem
- Sikre at tryggleiksstyringssystemet vert følgd, i samarbeid med skipsførar
- Opplæring av personell under si leiing
- Oppdatering av jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
- Overvaking av forbruk og behaldning av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føring av maskindagbok, oljedagbok og andre nødvendige dokument
- Budsjettering, oppfølging og bestilling av reservedelar og utstyr
- Sørgje for oppdatert stoffkartotek
- Ansvar for reinhald og brannførebygging innan maskinområdet
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i samsvar med kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- MES-opplæring
- Gyldig helseerklæring
- FSE-Kurs
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr- Konkurransedyktig lønn etter avtale med NHO Sjøfart og Maskinistforbundet.
- Attraktive velferdsordningar inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
- Ein arbeidsplass med fokus på trivsel – god mat, reinhald utført av eksternt firma og ein sosial arbeidskvardag.
- Utviklingsmoglegheiter – arbeid i eit av landets leiande fergeselskap med moglegheit for vidare karriereutvikling.
- Fleksibilitet – god balanse mellom arbeid og fritid med ei skiftordning som gjer det lett å planleggje livet utanfor jobb.
- Stabilitet og tryggleik – bli del av ein solid arbeidsplass med trygge rammer og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Er du klar for nye utfordringar ?
Send inn søknaden din i dag! Vi gler oss til å få deg med på teamet!
KontaktinformasjonJill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518ArbeidsstadDalegata 137
6518 Kristiansund N
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5102636804
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.