Vi har ledig inntil 3 x 100 % engasjementstillingar for barne- og ungdomsarbeidarar ved Vigra skule og SFO. Alle stillingane følgjer skuleruta med avkorta løn til 89 %. Eit av engasjementa gjeld frå 10.08.2026 - 05.03.2027 og dei to andre gjeld frå 10.08.2026 og ut skuleåret 2026/2027.
Vigra skule er ein 1-7 skule med om lag 190 elevar og med ca 70 barn i SFO. Visjonen vår er "Vi flyg saman", det inneber at alle er med, og at vi hjelper kvarandre med å utnytte læringspotensialet vårt, både fagleg og sosialt.
Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan også søkje
- Må kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra
- Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog
- Vere trygg i konflikthandtering
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Ha god digital kompetanse
- Evne til omstilling
- Evne til å møte barnet der det er
- Gode samarbeidsevner med barn og vaksne
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.
Karianne Oline Farstad, einingsleiar / rektor, +47 95080565
ArbeidsstadPostvegen 455
6040 Vigra
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5132872134
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 04.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.