Fagarbeider

RAUDEBERG SKULE · Norway

EURES Posted May 21, 2026 First seen May 21, 2026

Raudeberg skule har ledig vikariat som fagarbeidar i skule og SFO 01.08.26 til 31.07.27. Stillinga er 100%, komprimert årsverk til 89% lønn.

Raudeberg skule er ein 1.7. skule med 67 elevar og omlag 20 born i SFO.

Skulen ligg naturskjønt til med eit flott uteområde og nærleik til både fjell, vatn og fjord.

På Raudeberg skule jobbar vi med å utvikle det profesjonelle læringsfellesskapet der fellesskapande undervisning, leik og inkluderande læringsfellesskap i eit trygt og godt læringsmiljø er i fokus.

Vi er ein PALS-skule og den som vert tilsett må ha ei positiv haldning til systematisk arbeid med å skape eit godt læringsmiljø som rommar desse verdiane.


Arbeidsoppgåver

Følgje opp og støtte einskildelevar i skuletida, både fagleg og sosialt

Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø

Samarbeide tett med kontaktlærar og øvrig personale om planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa

Delta i tilrettelegging av undervisning og daglege rutinar for elevar med særskilde behov

Planleggje, gjennomføre og evaluere aktivitetar i SFO

Delta aktivt i det daglege arbeidet på SFO, med fokus på leik, trivsel og sosial utvikling

Bidra til godt samarbeid med føresette

Delta i møte og samarbeid rundt elevane sitt lærings- og utviklingsarbeid

KvalifikasjonarFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller annan relevant utdanning

Erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne frå skule og/eller SFO

Kompetanse i å følgje opp elevar med ulike behov

Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide i team

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta

Grunnleggjande digitale ferdigheiterPersonlege eigenskaparTålmodig, tydeleg og omsorgsfull i møte med barn

Fleksibel og løysingsorientert

Evne til å byggje gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette

Engasjert og positiv bidragsytar i arbeidsmiljøetVi tilbyr

Kinn kommune - ein profesjonell og engasjert arbeidsgjever med tydeleg retning for Kinnskulen

Eit godt arbeidsmiljø med fleksible kollegaer, kjekke elevar og positive føresette

Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling

KontaktinformasjonAnnelin Refvik, Rektor, +47 48297776
ArbeidsstadØvrevegen 139
6710 Raudeberg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5116412842
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 31.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.