Aktivitetsleiarar - sommaraktivitet for barn og ungdom

FYRESDAL KOMMUNE HELSE OG OMSORG · Norway

EURES Posted May 20, 2026 First seen May 20, 2026

Vi treng to aktivitetsleiarar til sommaraktivitet for barn og ungdom for omlag tre veker i sommar. Arbeidet vil føregå i starten og slutten av skuleferien. Det er tenkt 100 % stilling i tre veker, men at jobben kan komprimerast noko då timeantalet per dag avheng av aktivitetane ein arrangerer.

Målet for alle aktivitetane er at barna skal oppleve meistring og gode opplevingar i eit trygt, aktivt, utforskande og sosialt miljø. Trivst du med å jobbe med barn og unge, og har du lyst til å bidra til at dei får ein innhaldsrik og spennande sommar? Vi treng trygge, engasjerte og ansvarsmedvitne personar som kan vere med på å gi barna gode sommaropplevingar.


Arbeidsoppgåver
  • Skape og gjennomføre aktivitetar
  • Planlegge og tilrettelegge med samarbeidspartnarar
  • Ta vare på tryggleiken til barna og skape eit godt miljø for trivsel og samhald
  • Organisere og følge grupper på omlag 20 born (alltid to saman)
  • Halde rammene og retningslinjene for barna
  • Førebu før aktivitet, rydde og halde orden på området der aktiviteten blir gjennomført
Kvalifikasjonar
  • Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk
  • Du må kunne levere gyldig politiattest før tiltreding
Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

  • Entusiastisk
  • Initativrik
  • Uthaldande
  • Ansvarsmedviten
  • Løysingsorientert
  • Glad i barn og unge

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr
  • Ein spennande og lærerik sommarjobb
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Tilsetting skjer elles på dei vilkåra som fylgjer av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Politiattest er nødvendig.

KontaktinformasjonNina Breivik, Prosjektstilling, 97665505
ArbeidsstedLandstadvegen 35
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5128748488
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 03.06.2026

Om arbeidsgiveren:

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.