Jobben vil vere å bistå meg med aktivitet og trening gjennom året, både innandørs og utandørs.
Aktivitetane kan til dømes vere styrke og kondisjonstrening, uthaldenheit, sykling, kano, ski; vere seg langrenn og alpint m.m.
Det understrekast at dette er ein aktiv jobb, og du må like å trene og vere i aktivitet.
Arbeidstida vil i hovedsak vere på ettermiddag/kveld/helg, då eg er på jobb på dagtid.
Vi ser fram til å høyre frå deg! Søkjarar blir kontakta og innkalla til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Hovedoppgåva er å bistå med trening og fysisk aktivitet i tillegg til praktisk hjelp i kvardagen
- Andre oppgåver kan og bli aktuelt
Meir om ordninga med brukarstyrt personleg assistanse: https://www.helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunene/brukerstyrt-personlig-assistanse-bpa/
Kvalifikasjonar- Du må ha interesse for trening og å vere i aktivitet, sidan hovudoppgåva di blir å bistå med dette
- Det er ikkje krav om formell utdanning, men det er positivt om du har kunnskap om trening/helse
- Førarkort klasse B
- Du må like å vere i aktivitet
- Du må vere stabil og til å stole på
- Du må vere fleksibel
- Kunne rettleie og motivere
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det vil være moglegheit for fast tilsetting på sikt
- Øystre Slidre kommune er arbeidsgjevar, og du får lønn etter gjeldande tariffavtale
ArbeidsstadBygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5148126858
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 12.07.2026
Om arbeidsgiveren:
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.