Maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sunnylvsfjord

FJORD1 AS · Norway

EURES Posted Jun 2, 2026 First seen Jun 2, 2026

Vi søkjer ein maskinsjef til vår moderne, elektriske ferje MF Sunnylvsfjord – spennande jobb nær Ålesund. Fleksibel turnus 2 veker på/2 veker av - døgnskift. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
  • Hybel i Eidsdal: Dersom ein ønsker å bu der på frivakt.



Arbeidsoppgåver

Som maskinsjef vil du ha hovudansvaret for den tekniske drifta av ferja.
Dette inkluderer:

  • Sikre at alt teknisk utstyr fungerer i samsvar med gjeldande krav.
  • Vedlikehald av maskineri og system gjennom AMOS vedlikehaldssystem.
  • Oppfylging av sikkerheitsstyringssystemet i samarbeid med skipsførar.
  • Opplæring og oppfølging av mannskap under din leiing.
  • Overvaking av brennolje-, smøreolje- og ferskvatnforbruk.
  • Budsjettering og bestilling av reservedelar.
Er dette deg?

    Du trivst med ansvar og tekniske utfordringar, og likar å jobbe i eit miljø der samarbeid og kommunikasjon er nøkkelen til suksess. Du er løysingsorientert, serviceinnstilt og tek initiativ når det trengst. Med godt humør og ei positiv innstilling bidrar du til eit godt arbeidsmiljø og trivsel om bord. I tillegg brenn du for å vere med på den grøne utviklinga i maritim sektor og jobbe med moderne teknologi.

    • M3-sertifikat (minimumskrav)
    • Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsføreskrifta
    • Krise- og passasjerhandteringskurs
    • Gyldig helseerklæring
    Kva kan vi tilby?
    • Eit solid fagmiljø med gode kollegaer og moglegheit for vidare utvikling
    • Gode velferdsordningar: Tilgang til firmahytter, gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Hybel i Eidsdal tilgjengeleg for frivakter dersom du ikkje bur lokalt.
    • Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av, døgnskift

    Interessert? Send inn søknaden din i dag og bli ein del av den fine gjengen på MF Sunnylvsfjord – vi ser fram til å høyre frå deg!

    KontaktinformasjonJill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, jill.juberg@fjord1.no
    Arbeidsstad
    6200 Stranda Municipality
    Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 4996799624
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 15.06.2026

    Om arbeidsgiveren:

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.