Barnehagelærar vikariat 100%

FØRDE BARNEHAGE · Norway

EURES Posted Jun 2, 2026 First seen Jun 1, 2026
Om stillinga

Det er ledig eit 100% vikariat som barnehagelærar i Førde barnehage frå 15.08.2026 - 31.05.2027, det er mogeleg at stillinga kan bli forlenga.

Om Førde barnehage

Førde barnehage er ein kommunal barnehage som held til i Førdebygda i Sveio kommune. Det er 3 avdelingar med barn i alderen 1-6 år. Vi er midt i ein god utviklingsprosess, kor vi jobbar målretta og systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd med fokus planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet. I dette arbeidet samarbeider vi tett med bl.a. høgskulesektoren.


Arbeidsoppgåver
  • Bidra med, og setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
  • Planlegge, gjennomføre og dokumentera, vurdera og utvikla arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa
  • Rettleiing av personale, foreldresamarbeid, tverrfagleg samarbeid
  • Prosjektarbeid/utviklingsarbeid
  • Barnehagelærar har ansvar for sette ut i livet, og leie det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
  • Barnehagelærar skal sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
  • Barnehagelærar har ansvar for leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanføre dei områda han/ho er sett til å leie
  • Barnehagelærar har ansvar for foreldresamarbeid
  • Barnehagelærar har ansvar for å legge til rette for og koordinere spesialpedagogisk arbeid og samarbeid rundt barn med spesielle behov
  • Barnehagelærar forpliktar seg til å jobbe i tråd med barnehagen si pedagogiske plattform og kommunen sine faglege satsingar

Kvalifikasjonar
  • Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar, likeverdig med barnehagelærarutdanning er annan 3 åring pedagogisk utdanning på høyskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Anna relevant utdanning/praksis kan vurderast
  • Erfaing frå arbeid i barnehage er ein fordel
  • Tilfredsstilliande politiattest må framvisast ved tilsetting
  • Utdanning frå utlandet må vere godkjent frå NOKUT
  • Det er ønskeleg med erfaring i oppfølging av barn med spesielle behov
  • Det er ei forutsetting at søkar har grunnlegjande forståing for og kan nytte IKT som verktøy
  • Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
  • Sterk fagleg kompetanse og gode samarbeidsevner
  • Jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet

Personlege eigenskapar
  • Godkjend barnehagelærarutdanning eller annan relevant utdanning som kvalifiserer for arbeid som barnehagelærar i barnehage
  • Nyfiken, motivert og undrande saman med barn
  • God relasjonskompetanse og god omsorgsevne
  • Sterk fagleg kompetanse og gode samarbeidsevner
  • Interesse for å vidareutvikle deg sjølv og kollegaer
  • Kunne jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
  • God forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid
  • Kreativitet og humor
  • Glad i friluftsliv

Vi tilbyr
  • Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap.
  • Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle.
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Om arbeidsgiveren:

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.