Har du lyst til å prøva deg i barnehageyrket? Nå får du moglegheit til det. Om du er fagerbeidar, student som treng eit friår eller rett og slett har lyst til å prøva noko heilt nytt, så er du hjartleg velkommen til å søka jobb hos oss. Me har ledig stilling som vikar i eitt år, i 100%.
ArbeidsoppgåverVera ein trygg og tilstadeverande vaksen i barnas kvardag.
Delta i leik, aktivitetar og kvardagsrutinar.
Samarbeide med øvrige tilsette for å skapa eit godt og inkluderande miljø.
Bidra til praktiske oppgåver i barnehagen.
Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar er ønskeleg, men ikkje eit krav.
EigenskaparHar eit varmt hjerta for barn og trives i barnehagemiljø.
Er fleksibel og likar varierte arbeidsdagar.
Er ansvarleg, stabil og samarbeidsvillig.
Har gode norskkunnskapar.
(Ønskeleg, men ikkje eit krav): Erfaring frå arbeid med barn eller relevant utdanning.
Eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Varierte arbeidsdagar og verdifull erfaring.
Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer.
Barnehagen følger gjeldande reglar for politiattest.
Attest må framvisast før oppstart.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632