Støttekontakt og avlastarar

SYKKYLVEN KOMMUNE BUTENESTENE ADMINISTRASJON · Norway

EURES Posted Jan 5, 2026 First seen May 27, 2026

Bu- og rehabiliteringstenestene i Sykkylven kommune søkjer etter fleire støttekontakter og avlastarar.

Vi har behov for fleire støttekontakter og personar som kan vere avlastrar på timebasis og avlastarar i privat heim. Vi oppmodar vaksne menn til å søkje!
Har du tid til og interesse for å bidra med dette? Då kan kanskje dette vere noko for deg!

Som støttekontakt kan du arbeide både med barn og unge - samt vaksne med funksjonsnedsettingar.

Arbeidstad
Eigen heim eller fritidsaktivitetar

Som støttekontakt/avlastar blir du pålagt å fremsyne politiattest før tiltreding jf. § 5-4 i Helse og omsorgstenestelova.


Arbeidsoppgåver
  • Støttekontakt: Bidra til at brukar skal ha ei meiningsfull fritid, følgje til aktivitetar ol
  • Avlastning: bidra til at omsorrgsytar får naudsynt avlastning
Kvalifikasjonar
  • Må vere fylt 18 år
  • Du må vere glad i å vere i lag med born/unge som har behov for ekstra støtte til å delta på fritidsaktivitetar.
  • Ikkje utdanningskrav
  • Førarkort klasse B er ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Du må være pålitelig, sosial og ha evne til å vise respekt overfor brukaren
KontaktinformasjonEva Tandstad, avdelingsleiar barne - og avlastingsbustad, 48159110, eva.tandstad@sykkylven.kommune.no
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no
ArbeidsstadHaugneset 16
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4748383707
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026

Om arbeidsgiveren:

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven
her