Er du interessert i ein meiningsfull jobb, der du kan bidra til å skape ein kvardag med meistring, glede og sosialisering for nokon?
Hyllestad kommune søker støttekontakt for voksen person som treng hjelp til å få ei meir aktiv fritid og for å unngå isolasjon. Det er aktuelt å delta på ulike arrangement som for eksempel: gå på tur, kafébesøk, handletur, basar eller bingo.
Vi søker nokon med varierte interesser som kan vere støttekontakt tre timer pr veke.
- Meiningsfullt arbeidsoppdrag
- Veiledning ved behov
- Timelønna oppdrag
- Det er ingen krav til formell utdanning, men vi legg stor vekt på personleg eignaheit
- Du bør ha førarkort og tilgang til bil
- Du må kunne framvise politiattest i samsvar med lovverket, politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding.
• Evne til å lytte aktivt
• Å være trygg på seg sjølv
• Evne til å sette tydelege grenser
• Du er en roleg og tolmodig person
• Pålitelegheit og evne til å halde avtaler
• Sjølvstendigheit og engasjement
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule - for å nemne noko. Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen. Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst. Vi har òg mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre. Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og! Tilgjengeerklæring