Kvednatunet

KVEDNATUNET · Norway

EURES Posted May 26, 2026 First seen May 26, 2026
Om avdelinga:

Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgnstenester for personar med demens diagnose .

Huset består av 40 leilegheiter fordelt på 4 bufellesskap. Her er eit stor tverrfagleg miljø, med lege 3 dagar i veka, sjukepleiarar, helsefag, miljøarbeidar og musikkterapeut med fleire for å prøve dekke bebuarane sine behov.

Er du vår nye kollega og ønsker å jobbe innan demensomsorg?

Vi har no ledige helgestillingar ved Kvednatunet 18-20% helgestillingar

Arbeidsoppgåver:
  • Heilskapleg omsorg
  • Helsefaglege oppgåver som stell og pleie og miljøarbeid,
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:
  • Helsefagarbeidar
  • Studentar innan helse
  • Erfaring frå arbeid innan eldreomsorga kan og kompensere for manglande utdanning
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • erfaring frå arbeid innan eldreomsorga
  • interesse for å arbeide med demente
  • evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
  • er engasjert og ansvarsbevisst
  • samhandlar godt med andre
  • evne til å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • er fleksibel
  • bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Anna:
  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :
  • 1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn
  • 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
  • 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
  • Du må dokumentere kor langt du er komen i studiet

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.