Prosjekt- og beredskapsleiar

TIME KOMMUNE KOMMUNALTEKNIKK · Norway

EURES Posted Apr 23, 2026 First seen May 21, 2026
I Time kommune får du jobba tett på samfunnskritisk infrastruktur i ein kommune i utvikling. Som prosjekt‑ og beredskapsleiar blir du ein del av eit kompetent fagmiljø innan vatn og avløp, med ansvar for eigne saneringsprosjekter og beredskap som sikrar trygg vatn‑ og avløpsforsyningar for innbyggjarane. Me tilbyr varierte oppgåver, stor påvirkningskraft og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg stolthet og samfunnsansvar. Kontorplass i A bygg Time Rådhus.
Arbeidsoppgåver

Prosjekt- og beredskapsleiar ved kommunalteknikk i Time kommune


Time kommune søkjer ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar til ein delt stilling som prosjektleiar for kommunaltekniske anlegg og beredskapsleiar for vatn og avløp. Stillinga er sentral i arbeidet med å sikra robuste, trygge og framtidsrettande VA-tjenester for innbyggjarane i Time.

Arbeidsoppgåver:

Prosjektleiar kommunalteknikniske anlegg:

  • Prosjektleiar kommunaltekniske anlegg, hovudsakleg sanering og fornying av eksisterande VA-nett
  • Planlegging, gjennomføring og oppfølging av prosjekter frå idé til ferdigstilling
  • Oppfølging av rådgjevarar, entreprenørar og leverandørar
  • Framdrift-, økonomi- og kvalitetsstyring
  • Bidra i strategisk arbeid med investerings- og fornyelsesplanar for VA-anlegg

Beredskap kommunalteknikk:

  • Videreutvikling og oppfølging av beredskapsplaner for vatn- og avløpsforsyning
  • Evaluering og læring av uønska hendingar, driftsavvik og krisesituasjonar
  • Samarbeid med drift, leiing og eksterne aktører
  • Planleggja øvingar for kommunalteknikk og større øvingar i samråd med kommunen sin beredskaps-koordinator, herunder trene organisasjonen på bruk av kommunikasjon og naudsamband.
  • Innkjøp og testing av beredskapsutstyr.
  • Evaluering og forbetring av beredskapsrutiner
  • Gjennomføre ROS-analyser og arbeid med samfunnssikring.

Andre oppgåver etter avtale med nærmaste leiar.


Kvalifikasjonar

- Relevant høgare utdanning innan vatn og avløp, bygg/anlegg eller tilsvarande
- Erfaring med prosjektleiing, gjerne med kommunaltekniske anlegg
- Kunnskap om saneringsprosjekter er ønskeleg
- Erfaring med beredskapsarbeid eller drift av kritisk infrastruktur er ein fordel
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevner
- Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Lang relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.

Du må lasta opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsemner, både internt og eksternt
  • Emne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
  • Emne til å ta ansvar for eigen utvikling og ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norsk-kunnskapar, og både skriftleg og muntleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen


Vi tilbyr
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med andre fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
  • Det er lagt til rette for å jobba både strategisk og operativt
  • Fleksibel arbeidstid


Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

KontaktinformasjonRaymond Berington Johansen, Avdelingsleder VA, 46761129, rbjo@time.kommune.no
Ole Bjørn Maråk, Verksemdleiar, , ole.bjorn.marak@time.kommune.no
ArbeidsstadArne Garborgs veg 30
4344 BRYNE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5116188068
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026

Om arbeidsgiveren:

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.