Vil du vere med og skape ein trygg og utviklande barnehagekvardag i Lom?

LOM KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · Norway

EURES Posted May 20, 2026 First seen May 19, 2026

Lom kommune søkjer ein engasjert og raus medarbeidar til barnehagane våre. Vi ser etter deg som brenn for å gi barn gode opplevingar, tryggleik og utvikling i kvardagen.

Kven er du?

Du møter både barn og vaksne med rausheit og respekt, og har evne til å sjå det enkelte barnet. Du arbeider sjølvstendig, men trivst også godt i samarbeid med andre. Du er fleksibel, løysingsorientert og bidreg aktivt til eit trygt og inkluderande barnehagemiljø.

Vi ser etter deg som:

  • er merksam og til stades i møte med barn og vaksne

  • arbeider sjølvstendig og tek ansvar

  • har gode samarbeidsevner og er fleksibel

  • bidreg til eit trygt og godt barnehagemiljø

  • byggjer gode og trygge relasjonar

  • er fagleg engasjert og utviklingsorientert

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Om stillinga
  • 100 % vikariat, med moglegheit for fast tilsetting

  • Det kan også vere aktuelt å søkje på delar av stillinga

Kvalifikasjonar
  • Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning
Vi tilbyr
  • Eit triveleg, inkluderande og engasjert arbeidsmiljø.

  • Eit godt fagmiljø på tvers av barnehagane i kommunen med fokus på kompetanseheving.

  • Tariffesta løns- og pensjonsvilkår.

  • Vakre omgjevnader i ei fjellbygd med fantastiske moglegheiter for friluftsliv

Praktisk informasjon
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju

  • Namn på søkjarane vil bli gjort offentlege

  • Gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månader) må leggjast fram før tilsetting

Om arbeidsgiveren:

Per i dag har Lom kommune to kommunale barnehagar: Loar barnehage og Garmo barnehage. Desse barnehagane har eit tett samarbeid om pedagogisk utviklingsarbeid og drift.

Garmo barnehage

Ligg om lag 15 km aust for Lom sentrum, i tidlegare Garmo skule. Barnehagen har tre avdelingar, romslege lokale, eigen gymsal og eit stort uteområde med skog og natur tett på.

Loar barnehage

Ligg sentralt i Lom, ved barneskulen og Presthaugen. Barnehagen har fire avdelingar og gode moglegheiter for leik og læring både inne og ute -- med naturen og friluftsmuseet Presthaugen som næraste nabo.